Driftnerd Interview: Jørgen Tangen

in #cars6 years ago

Driftnerd Interview: Jørgen Tangen

Med 20 år på baken er Jørgen Tangen ein av dei yngste medlemmane i Driftnerd-gjengen. Likevel har han klart å utmerke seg med si fantastiske køyring. Set deg ned og nyt intervjuet med denne godguten.

Driftnerd: Først av alt, kven er Jørgen Tangen? Slik eigentleg?
Jørgen T: Det er ein 20 år gammal gut som jobbar som bilmekanikar hjå Frydenbø Bilsenter i Sogndal. Ein relativt roleg gut som bur nede i Kaupanger å trivst godt der.

DN: Det var jo et temmeleg kjedeleg og standard svar. Kva er dine innerste, uerotiske draumar?
JT: Den store draumen er jo sjølsagt å kunne leve av drifting; å konkurrere i utlandet saman med dei proffe. Men skal ein få til det, er det masse som skal klaffe. Det er nok mange som har den draumen, men eg legg ikkje skjul på at det er noko som hadde vore heilt fantastisk! Ein er avhengig av gode folk rundt seg, nok tid, og ikkje minst eit ganske stort budsjett, for drifting er ikkje gratis. Men eg er so heldig å ha med meg gode kameratar, familie og sponsorar som gjer slik at eg kan drive med dette her sjølv i det ganske so høge nivået det er her i Norge no og. Spesielt må eg nemne Idar Hagen Turlid og Sindre Ness, som har vore med meg på kvar einaste Norgescup runde sidan i fjor! I tillegg Alvin Lægreid, Kenneth Nornes og Brynjar Skahjem som er med å hjelp til med deler og erfaringar.


DN: Eg har høyrd nokre rykter at bilinteressa di vart påverka av ein onkel? Fortel.
JT: Ja, det er heilt sant. Onkelen min Kjetil Weaas har drive med både bilcross, rally og rallycross. Heilt frå eg var liten, har eg fått vore med han på utruleg mykje lærerikt og moro. Når drifting vart eit tema i 2015, so var han i alle fall ikkje ueinig i att det måtte prøvast. Mamma og pappa var litt skeptiske, men når kjøpet var gjort og bilen testa, so var det ikkje vanskeleg å sjå at dei snart vart like ivrige so meg. So dette hadde ikkje gått uten familien.

DN: Kven andre enn onkelen og familien har du å takke for driftinga di, er det nokre andre som utpeikar seg?
JT: Det er i grunn heile familien, alle kompisar som er med i garasjen, på trening og løp. Arrangørar og konkurrentar for eit fantastisk miljø, og sponsorane mine:

DN: Korleis oppdaga du drifting?
JT: Heilt sidan Driftweekend har blitt arrangert, har eg berre stått og sikla etter å få køyre sjølv. So når eg endeleg fekk gjere det sjølv, so var den kjensla (red.anm: dem feels) heilt ubeskriveleg.

DN: Ja rykta seier at du vart særleg inspirert av ein griserosa S14 med ein superb sjåfør. Men kva betyr drifting for deg, sett vekk frå kjendislivet med enkle pengar, raske bilar og flotte damer?
JT: Ha ha, ja det var lett å legge merke til det rosa gliset! Drifting betyr utruleg mykje. Det er som regel i tankane kvar dag. Og når eg har garasjen rett utanfor huset, so er det ikkje mange dagar eg ikkje er i garasjen. Det betyr og at eg må prioritere vekk ein del ting. Skal eg kunne drive med drifting, so kan eg ikkje vere med på alt anna. Men når eg klarte å sikre meg ein 2. plass samanlagt i Norgescupen, i mitt første år, so fekk eg skikkeleg blod på tann.


DN: Dersom du ikkje hadde drive med drifting, kva hadde du då gjort på? Eg ser for meg seine kveldar med strikketøyet framfor peisen?
JT: He he, det skal du ikkje sjå vekk frå. Nei, det er eg faktisk ikkje heilt sikker på. Men eg er ganske sikker på at det hadde blitt ein eller annan aktivitet med motor og hjul.

DN: Kva er ditt syn på piratbukser?
JT: Det har eg ikkje gått med før, men det kan hende det hadde slått an viss eg hadde fått prøvd eit par.

DN: Dersom du hadde blitt ordførar for nye Sogndal Kommune, korleis ville du misbrukt makta di?
JT: Då ville eg hatt motorsportarrangement med aftertrack kvar helg på bana. Og fri frå jobb kvar måndag.

DN: Hadde Kaupanger blitt det nye kommunesenteret?
JT: Nei, då hadde det blitt for mykje folk på Kaupanger.

DN: Som lokal helt i Kaupanger, plaga av innpåslitne fans døgnet rund, kva skjerma plass ville du helst flytta til?
JT: Eg ville fortsatt ha budd på Kaupanger, det er ein fantastisk plass.

DN: Kva med Veitastrond? Det er jo ei av dei vakraste bygdene i verda.
JT: Nåja, eg har mine tvil der dessverre, men det er sjølvsagt ein ok plass.

DN: Slik blasfemi! Er mor di din eigentleg din største fan, slik ho påstår, eller fins det andre?
JT: Ha ha, nei det har eg ikkje tenkt på. Men ho mor er no i alle fall litt stolt.


DN: Kor ser du deg sjølv om 5 år?
JT: Godt spørsmål. Eg håpar at eg fortsatt satsar innan drifting, og kanskje har fått prøvd eit løp eller to i utlandet. Ellers so trur eg ikkje eg har forandra meg so mykje.

DN: Takk for intervjuet og tolmoda.

Coin Marketplace

STEEM 0.28
TRX 0.13
JST 0.032
BTC 60832.04
ETH 2902.69
USDT 1.00
SBD 3.55